Jordbruket forsvarar framleis sin plass i Telemark sitt næringsliv.



NÆRINGSLIV

Tradisjonelt var jordbruk og skogbruk dei viktigaste næringane i Telemark. Spesielt i øvre Telemark, med eit karrig landskap, var det mange mindre bruk.

I eldre tider var ein avhengig av ei rekkje tradisjonelle handverk som no har vorte borte. Ein bødker eller tynnemakar laga tunner av breie «stavar». Dette kallast «lagging», som er ein eigen metode til å laga kar og bytter; «stavane» er bord som er forma til dette. Forutan handverkarar av dette slaget, var det tømrarar, smedar, svarverar og skomakarar, alle viktige yrke i det gamle jordbrukssamfunnet.

På grunn av at Telemark har rikeleg med fossekraft, kom industrien tidleg i gang i fylket vårt. Sagbruka var den fyrste industrien. Denne mekaniske industrien vart etter kvart avløyst av at fossekrafta vart omgjord til elektrisk energi. Dei teknologiske gjennombrota som fylgde av at ein tok i bruk høgspent elektrisitet som energikjelde i industri og samfunnsliv, var enorme og endra òg livet i Telemark.